Trafikksikkerhet - Statsbudsjettet 2014

Fra Regjeringen Stoltenbergs forslag til Statsbudsjett 2014

4.2.2 Transporttryggleik

Regjeringa har som ein visjon at det ikkje skal skje ulykker med drepne eller hardt skadde i transportsektoren, jf. Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023. Nullvisjonen er utgangspunktet for trafikktryggleiksarbeidet innan alle transportsektorane. Utfordringane og behovet for tiltak er likevel ulike. Vegsektoren skil seg ut med omsyn til omfang av ulykker og risikoeksponering. I jernbane- og luftfartssektoren er tryggleiksnivået høgt, og målet for planperioden 2014–2023 er å oppretthalde og styrkje nivået ytterlegare.

Trafikktryggleik på veg

Etappemål: Halvere talet på drepne og hardt skadde i vegtrafikken innan 2024.

Ei målretta satsing på trafikktryggleik gir resultat. I perioden 2005–2012 er talet på drepne og hardt skadde i vegtrafikken redusert med om lag 30 pst., samstundes som det har vore ein trafikkvekst på 12 pst. I 2012 blei 145 personar drepne i vegtrafikken. Det er 23 færre enn i 2011. Talet på omkomne målt pr. 100 000 innbyggjar var 2,9. Det er ikkje registrert færre drepne på vegane sidan 1950. Det er ei utfordring å halde fram med å redusere i talet på drepne og hardt skadde. Utviklinga frå januar t.o.m. august 2013 viser ein auke i talet på drepne samanlikna med same periode i 2012, men er likevel lågare enn gjennomsnittstalet for perioden 2005–2012.

I 2012 blei 699 personar hardt skadde. Det er 20 fleire enn i 2011. Utviklinga over lengre tid viser likevel ein nedgang. Dei ti siste åra har i gjennomsnitt 848 personar blitt hardt skadde i trafikken kvart år.

Etappemålet om å halvere talet på drepne og hardt skadde i vegtrafikken innan 2024 inneber ein reduksjon frå eit årleg gjennomsnitt på om lag 1 000 i perioden 2008–2011 til 500 eller færre innan 2024. For å nå dette målet er det nødvendig å føre vidare arbeidet med å utvikle målretta tiltak mot dei ulykkestypane og den trafikantframferda som fører til flest ulykker med drepne og hardt skadde. Det må òg rettast tiltak mot infrastruktur, køyretøy og trafikantar. For å nå etappemålet vil regjeringa:

  • arbeide med å sikre vegnettet og betre trafikkmiljøet
  • sikre eit høgt nivå på føraropplæringa
  • arbeide vidare for å få folk til å halde fartsgrenser, bruke bilbelte og køyre rusfritt
  • føre vidare tiltak retta mot høgrisikogrupper i trafikken
  • målrette kontrollverksemd, særleg overfor tunge køyretøy
  • leggje til rette for meir bruk av teknologi som bidreg til auka trafikktryggleik
  • utvikle vidare kunnskapsgrunnlaget innan trafikktryggleik
  • førebyggje ulykker med barn og unge.

For å sikre vegnettet og betre trafikkmiljøet er det i Nasjonal transportplan 2014–2023 lagt opp til ei offensiv satsing gjennom investeringar, drift og vedlikehald, m.a. ved å:

  • auke rammene til særskilde trafikktryggleikstiltak
  • setje opp midtrekkverk på to- og trefelts riksvegar
  • byggje ut firefeltsvegar
  • etablere forsterka midtoppmerking og tiltak mot utforkøyringsulykker
  • styrkje satsinga på å byggje ut gang- og sykkelvegar
  • betre trafikkmiljøet for gåande, syklande og kollektivreisande gjennom å oppgradere haldeplassar og kollektivknutepunkt, og gjennom bymiljøpakker.

For å nå etappemålet er det òg nødvendig med vesentlege investeringar på fylkesvegar og kommunale vegar. Vidare er det nødvendig med ein forsterka innsats retta mot ei meir trafikksikker framferd blant trafikantane, m.a. at fleire overheld fartsgrensene, meir og riktig bruk av bilbelte og mindre køyring i rus. Utskifting av køyretøyparken vil òg bidra til å redusere talet på drepne og hardt skadde.

Med utgangspunkt i Nasjonal transportplan 2014–2023 vil dei sentrale aktørane i trafikktryggleiksarbeidet revidere Nasjonal tiltaksplan for trafikktryggleik på veg. Statens vegvesen, politiet, Helsedirektoratet, Utdanningsdirektoratet, Trygg trafikk, fylkeskommunane, dei største bykommunane og interesseorganisasjonar tek del i arbeidet.

Det er rekna at planlagde tiltak innafor ansvarsområdet til Statens vegvesen i 2014 isolert sett vil redusere talet på drepne og hardt skadde med om lag 8 personar. I tillegg kjem effektar av tiltak frå dei andre aktørane.

Med bakgrunn i utfordringane innan trafikktryggleik i vegsektoren er det foreslått 882,7 mill. kr i statlege midlar til programområdet trafikktryggleik i 2014. I tillegg er det lagt til grunn 15 mill. kr i ekstern finansiering. Midlane vil i hovudsak bli nytta til tiltak for å hindre dei alvorlegaste ulykkene på riksvegnettet, som møteulykker, utforkøyringsulykker og ulykker med gåande og syklande.

På møtefrie vegar er det betydeleg mindre skadar frå trafikkulykker samanlikna med høgt trafikkerte vegar utan midtrekkverk. Bygging av midtrekkverk er derfor prioritert. I tillegg blir m.a. forsterka midtoppmerking, tiltak mot utforkøyringsulykker, kryss- og kurveutbetringar og tiltak etter trafikktryggleiksinspeksjonar prioriterte. Det er i 2014 planlagt å byggje midtrekkverk på om lag 22 km riksveg, etablere forsterka midtoppmerking på om lag 74 km veg og byggje 65 km firefeltsveg.

Justisdepartementet har i samråd med Samferdselsdepartementet leidd ei arbeidsgruppe med mandat til å greie ut moglege regelendringar for å integrere bruk av alkolås i «Program mot ruspåverka køyring». Programmet er eit alternativ til vilkårslaus fengselsstraff ved høg promille eller ved gjenteken promillekøyring. Rapport frå arbeidsgruppa blei lagt fram i 2012 og har vore på høyring i 2013.

Forskrift om sikring av skyssberettigede skoleelever i buss tok til å gjelde frå 1. juli 2013. Ho pålegg kommunane og fylkeskommunane å dimensjonere skuleskysstilbodet, slik at alle med rett til skuleskyss har tilgang til sitjeplass med setebelte.

Sjå elles omtale i del II under programkategori 21.30 Vegformål.

Du finner oss på:

Facebook  Flickr FotoYouTube

Twitter SlideshareInstagram

 

Bankkontonummer for de som ønsker å bidra til vår drift:

8101 23 98735

Bli medlem

bli_medlem1

Desto flere støttespillere desto sterkere

Støtt oss

nettbutikk