Nei til Frontkollisjoner

- foreningen for trafikanter og pårørende

Monday
Nov 17
Tekststr.
  • Increase font size
  • Default font size
  • Decrease font size

Riksvegane - 250 millionar kroner meir til prosjektering

E-post Skriv ut PDF

- Fem større vegprosjekt får til saman 250 millionar kroner meir til prosjektering, førebuande arbeid og utbygging enn det som er føresett i tidlegare vedtatt budsjett for 2014. Regjeringa legg i forslag til revidert statsbudsjett opp til ei omdisponering som er med på å sikre framdrift for viktige prosjekt, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Beløpet er fordelt til desse prosjekta, som alle er prioriterte i første fireårsperiode av Nasjonal transportplan 2014-2023:

  • E16 Bagn – Bjørgo i Oppland: 40 millionar kroner til prosjektering og anna førebuande arbeid.
  • E18 Rugtvedt – Dørdal i Telemark: 50 millionar kroner til prosjektering, arkeologiske utgravingar, anna førebuande arbeid og kjøp av grunn. I tillegg har bompengeselskapet fått løyve til å forskottere inntil 170 millionar kroner til desse formåla.
  • E18 Tvedestrand – Arendal i Aust-Agder: 80 millionar kroner til prosjektering, arkeologiske utgravingar, anna førebuande arbeid og kjøp av grunn.
  • E6 Vindalsliene – Korporalsbrua i Sør-Trøndelag: 20 millionar kroner til prosjektering og anna førebuande arbeid.
  • E105 Elvenes – Rundvannet i Finnmark: 60 millionar kroner til byggjestart i 2014.

Omdisponering
Omdisponeringa av 250 millionar kroner til desse prosjekta skjer ved ein tilsvarande reduksjon av midlar som i tidlegare vedtatt 2014-budsjett er avsett til fornyingstiltak på riksvegnettet.

- Etter framlegg frå den nye regjeringa blei fornyingstiltak styrkt i vedtatt budsjett for 2014. Etter omdisponeringa av 250 millionar kroner vil løyvinga til fornying framleis vere vesentleg høgare enn det den førre regjeringa foreslo for 2014, seier samferdselsministeren.

Prop. S 93 (2013-2014) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2014

 

Nei til Frontkollisjoner i media

Banner

Nei til Frontkollisjoner

ny_ntf_logo_frontkollisjoner_no

VG-Pris kr 100.000


GRATULERER! VGs sjefredaktør og adm.dir. Torry Pedersen gratulerer Geirr Tangstad-Holdal (t.v.) med årets store nissebeløp - som går til kampen mot dødsulykker

Pårørende


Støtt vår kamp mot frontkollisjoner


Bli medlem

bli_medlem1

Desto flere støttespillere desto sterkere

Du finner oss på:

facebook1

Bankkontonummer for de som ønsker å bidra til vår drift:

8101 23 98735